
Varsel om endring av reguleringsplan Almerket 12282015007 etter forenkla prosess.
Det vert med dette førehandsvarsla at Ullensvang kommune vurderer endring av detaljreguleringsplan for Almerket (Plan ID 4618_12282015007), jf. §§ 1-9 og 12-14 i plan- og bygningslova og § 16 i forvaltningslova.
Behovet og endringa av planen er grunna i:
- Avdekt fare for flodbølgje som følgje av fjellskred frå Træstane og Deildo.
- Ønskje om endring av fortau veg til gatetun for å legge til rette for sambruk av areala til dei same funksjonane som i vedteken plan.
- Ønskje om å legge til rette for at parkeringsanlegg kan plasserast utanfor byggegrensa og heilt ut i byggegrensa.
- Ønskje om å rette opp mangel ved eksisterande plan for å legge til rette for at eksisterande brua over Opa som vart teken av flaume i 2014 kan attreisast.
I tillegg er faresonene for høvesvis flaum/stormflo (320) oppdatert med nye data henta frå kart utarbeidd/publisert av Statens kartverk.
Endringane i planen er oppsumert/synleggjort i eige notat som følgjer som vedlegg 1. I tillegg er plandokumenta, dvs. plankartet med tilhøyrande planføresegner og planomtalen oppdatert med dei føreslegne justeringane. Ny risiko- og sårbarheitsanalsyse er utarbeidd.
Kort om dei føreslegne endringane
Punkt 1 er grunna i at det innanfor regulerte område er kartlagt og avdekt at området er utsett for skred og/eller flodbølgje. Innanfor regulerte område kan kommunen gjennom forenkla planendring, jf. § 12-14 i plan- og bygningslova gjere unntak og legge til rette for utbygging.
Vilkåra for å gjere unntak i regulerte område følgjer av TEK17 § 7-4 andre leidd bokstav a – e. Det følgjer som vedlegg 2 eiga vurdering etter TEK17 § 7-4. Unntaksføresegna i TEK17 dekker dei tilfella der konsekvensane av manglande utbygging vil vere at lokalsamfunnet går glipp av utvikling og gjer det vanskeleg å oppretthalde næring og befolkning, som følgje av at det ikkje ligg føre alternative utviklingsareal. Føresegna opna for bygging dersom det er etablert eit forsvarleg system for overvaking, varsling, beredskap og evakuering.
Planen for Almerke med tilhøyrande justeringar bygger på at kommunen har eit forsvarleg system for å overvaking, varsling, beredskap og evakuering for å hindre tap av menneskeliv. Gjennom vurderinga som følgjer i vedlegg 2 er det konkludert med at vilkåra for å tillate vidare utbygging er oppfylt. Det gjeld både for etablering/utviding/attreising av byggverk og anlegg som reguleringsplan for Almerke (Plan ID 4618_12282015007) opnar for.
Punkt 2 er grunna i ønskje om å slå saman dei tre formåla gatetun (GT), veg og fortau (F5) til eit felles formål gatetun med supplerande føresegner som ivareteke funksjonane til dei 3 tidlegare formåla. Arealbruken vert meir fleksibel som sambruksområde i samsvar med prinsippa for gatetun. Av Trafikksikkerhetshåndboken til Transportøkonomisk institutt (tiø) går det fram at sambruksareal ikkje utpeikar seg som særskilt utsett. Sambruksarealet er vurdert til å femne og ivareta dei einskilde formåla som er sett av i vedteken plan, samtidig som omsynet til dei mjuke trafikantane vert prioritert opp.
Punkt 3 er grunn i ønskje om å sikre felksibilitet i forhold til både plassering av parkeringsanlegget samtidig som det er med å optimaliserer arealbruken innanfor område sett av til utbyggingsformål.
Punkt 4 skal sikre samanheng i arealbruken over Opa slik at gangbrua over elva som vart teken av flaumen i 2014 kan attreisast. Det vil sikre betre tilgjenge mellom ulike område i sentrum samt betre tilgjenge til sambanda og friområda langs fjorden og elva. Kryssinga er i dag delvis sikra i reguleringsplan Odda sentrum (planid.: 4618_12282015003), vedteken 28. september 2016.
Kor vidt endringane fell innanfor rammene for sokalla «mindre endring», vert baserast på ei konkret vurdering av kriteria i § 12-14 i plan- og bygningslova.
Kva som ligg i omgrepet «ikke går utover hovedrammene i planen» må vurderast konkret. Det kan både gjerast justeringar av grense og arealformål.
Det er utarbeidd eiga vurdering knytt til den avdekte faren for flodbølgje, der det er konkludert med at vilkåra for å legge til rette for vidare utbygging er oppfylt. Talet på einingar og den samla trafikkbelastninga på vegnettet vert ikkje auka, men tilhøva for mjuke trafikantar både innanfor område og mellom ulike delar av sentrum vert betra. Det er ikkje registrerte kvalitetar som den endra arealbruken med tilhøyrande føresegner rører ved. I tillegg er det ikkje avdekt at endringane er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser.
Vidare skal endringa «i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig». Dette punktet er primært knytt til feltekstern infrastruktur. Veganlegga er etablert. Tilslutningspunkta og den tekniske utforminga, samt opparbeiding av tilslutningspunktet mot Rv13 er sikra i vedteken plan. Det vert ikkje endra. Endringa legg til rette for at brua over Opa kan attreisast utan at det må gjerast vesentlege av arealbruken ved brufeste på land. Det vil ikkje vere behov for ombygging/tilpassing av feltekstern infrastruktur/tilkomstane, ut over det som følgjer av vedteken plan. Med «viktige natur- og friluftsområder» er det meint grønstrukturar som turdrag, friområde og parkar. Den endra arealbruken der det vert lagt til rette for attreising av brua som vart teke av flaumen i 2014 vil betre tilgjenge mellom areala på begge sider av elva Opa for mjuke trafikantar og ha positiv innverknad på areal og tilgjenge til sokalla «viktige natur- og friluftsområder» på begge sider av elva.
Ullensvang kommune vurderer endringane til å ligge innanfor det som kan handsamast som mindre endring av vedteken plan i samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova.
Informasjon om planen og endringa er tilgjengeleg for gjennomsyn på Rådhuset (og kommunehusa) og karttenesta kommunkart.com.
Meir informasjon og merknader
For nærmare informasjon om endringane kan spørsmål rettast til: Verksemdsleiar Plan og samfunnsutvikling Wermund Vetrhus
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader til de føreslåtte endringane, ber vi om at du tilskriv Ullensvang kommune.
Frist for å sende inn merknader er sett til 20. oktober 2023.
Kontakter


Wermund Vetrhus
Verksemdsleiar - Samfunnsutvikling og plan
wermund.vetrhus@ullensvang.kommune.no
468 46 082
Vedlegg til sak:
- Varsel om endring av reguleringsplan Almerket 12282015007 etter forenkla prosess (Hoveddokument, 183KB)
- Reguleringsføresegner_J01 (Vedlegg, 418KB)
- Planskildring Almerke_J01 (Vedlegg, 3MB)
- Notat Eksternt_Planendringar_J02 (Vedlegg, 889KB)
- DR-plan Almerket_J03 (Vedlegg, 552KB)
- Notat Eksternt_7-4_J03 (Vedlegg, 1MB)
- ROS-Allmerket_230831_J02 (Vedlegg, 2MB)