Sjukepleiar som injiserer vaksine i overarm

Vaksinering av risikogrupper mot sesonginfluensa 2021

I veke 43 og 44 skal Ullensvang kommune vaksinera risikogrupper mot sesonginfluensa.

Risikogrupper

Følgjande personar inngår i det vi omtalar som risikogrupper og vert anbefalt å influensavaksina seg på grunn av auka risiko for alvorleg sjukdom (sjå fullstendig oversikt på Folkehelseinstituttet sine sider):

  • Alle over 65 år
  • Barn og vaksne med hjarte- og lungelidingar, diabetes, lever- eller nyresvikt, nevrologisk sjukdom, svekket immunforsvar (samt deira pårørande) og svært alvorleg fedme
  • Gravide i 2. og 3. trimester, samt gravide i 1. trimester som har kronisk sjukdom eller er helsepersonell

Prematurt fødte barn, særleg born født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år, får tilbod om influensavaksina, Vaxigrip på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen for avtale. 

 

Her kan du vaksinera deg:

Dag/datoTidStadKven
Dag/datoTysdag 26.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadUngdomshallen i OddaKvenTysdag: Etternamn som byrjar på A - K
Dag/datoTysdag 26.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadGrannatun på UtneKven
Dag/datoTysdag 26.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadKantina på skulen i JondalKven
Dag/datoOnsdag 27.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadUngdomshallen i OddaKvenOnsdag: Etternamn som byrjar på L - Å
Dag/datoOnsdag 27.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadKrossvoll på LofthusKven
Dag/datoOnsdag 27.10.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadRøldal SjukeheimKven
Dag/datoMåndag 01.11.21Tidkl. 08.30 - 12.00 og 13.00 -14.30StadUngdomshallen i OddaKvenDenne dagen er ope for heile kommunen om den tidlegare oppsette dagen ikkje passar.