Ullensvang kommune ynskjer kontakt med nausteigarar på Lindenes

I samband med reguleringsarbeidet på Lindenes, er nausta i nord, mot Sleveåne, føreslege regulert vekk. Dette vil sei at kommunen legg opp til at desse nausta skal rivast. Før det skjer, ynskjer kommunen å få dokumentert naustmiljøet. Me vonar at Museet i Tyssedal kan hjelpe til med dette arbeidet.

Administrasjonen ynskjer at eigarar av nausta tek kontakt, slik at me får ein oppdatert oversikt på kven som eig nausta. Etableringa av nausta er skjedd etter gamle avtaler med Tyssefaldene. Avtalene er seinare – 1972 overført frå Tyssefaldene til Odda kommune. I 1993 vart området regulert i
samband med vegutbetring. Heile området, inklusivt nausta, vart regulert til kommunalteknisk bruk. Nausta er i dårleg stand, og utgjer ein miljøtrussel slik dei står i dag.

 

Me ynskjer at de kjem med følgjande opplysningar: Eigar, namn, adresse, tlf. og om mogleg, kva naust de eig.

Send e-post til: postmottak@ullensvang.kommune.no eller vanleg post: Ullensvang kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda.

Merkast med: 20/4228 Reguleringsplan Lindenes –Naust.

Bilete av naust nedanfor Lindesnes miljøstasjon frå sjøvegen. Bilete.