Ulikskap

Tilskot til tiltak for økonomisk vanskelegstilte innbyggjarar

Haugaland Kraft vedtok i slutten av juni å gi fem millionar kroner i gåve til økonomisk vanskelegstilte innbyggarar i alle kommunar der konsernet har verksemd. Pengane skal koma innbyggarar i hushald med vedvarande låg inntekt til gode.

Innhald

Ullensvang kommune er tildelt kroner 314.666,- som skal delast ut til frivillige og/eller ideelle organisasjonar som jobber for målgruppa og legg til rette for til dømes:

  • Ferietilbod
  • Utfluktar
  • Arrangement
  • Klær/utstyr
  • Fritidsaktivitetar
  • Anna form for hjelp eller støtte

 

Målgruppe

Personar frå vedvarande låginntektshushaldningar i Ullensvang. Dette kan omfatta innbyggarar som har utfordringar knytta til:

  • Rusavhengigheit
  • Bustadlause
  • Psykisk helse
  • Flyktningar
  • Arbeidsløyse
  • Einsemd og sosial isolasjon
  • Anna

 

Ytterlegare informasjon

Det praktiske rundt fordelinga vert gjort i samarbeid med Frivilligsentralane i Ullensvang som etter søknadsrunden sender Haugaland Kraft ei liste over prioriterte prosjekt. Ved innvilga prosjekt sender organisasjonane sjølve faktura med vedlagt prosjektplan til Haugaland Kraft, og innan 31.12.2022 ein rapport med oversikt over gjennomførte aktivitetar til same instans.

 

Søknadsprosess og frist

Send ein søknad med prosjektplan samt budsjett til Odda Frivilligsentral innan 30.09.22.

 

For spørsmål og bistand ta kontakt med

Elin Myran

Dagleg leiar Odda/Ullensvang frivilligsentral

elin.myran@ullensvang.kommune.no

975 58 505

Odda frivilligsentral

frivillig@ullensvang.kommune.no

975 58 505