mangfoldoginkludering_ferdig_some (3)

Tilskot til mangfold- og inkluderingstiltak

Det er opna for ny søknadsrunde i tilskotsordninga til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal leggja til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.

Fristen for å søkje på ordninga er 16. februar 2023 , kl. 13.00.  

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje om tilskot. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

 

Dette er målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar
    der jenter er underrepresentert eller opplev særlege barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  •  Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller
    personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn.

Les meir om ordninga til Lotteri- og stiftelsestilsynet og korleis du kan søkje her.

 

Spørsmål?

Christian Leivestad

Rådgjevar innan friluftsliv og idrett

christian.leivestad@ullensvang.kommune.no

452 07 117