
Tilskot til festivalar og større kulturarrangement, og spelemiddelsøknader
Påminning om å søkje på tilskot!
Tilskot til festivalar og større kulturarrangement - 10. okt
Drift og utvikling av typiske “Fyrtårnfestivalar” og nyskapande kulturtiltak av regional og nasjonal interesse. Mange av desse har hatt faste avtalar.
For at alt skal vera ryddig, og alt skal koma med i budsjettarbeidet, skal det leverast søknad kvart år.
Søknadsfrist: 10. oktober
Spelemiddelsøknadar - 1. okt
Gjeld tilskot til anlegg for idrett, folkehelse, friluftsliv jf. prioriterte lister over anlegg, og idretts- og friluftslivsplan.
Søkjar legg inn alle vedlegg og fyller ut søknadsskjema på www.anleggsregisteret.no. Søkjar kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen, men søkjar skal sjølv fylle inn i søknadskjema.
Ved fornya søknad må ein syne til referansenummer for tidlegare innsendte søknad. Dette kan ein få ved å henvende seg til kultur og idrettsansvarleg i kommunen.
Søknadsfrist: 1. oktober