Tilflyttarkveld

Ullensvang kommune inviterte 21.09.21 nye innbyggjarar i kommune til tilflyttarkveld om bord på Vision of The fjords i samarbeid med Næringshagen i Ullensvang.

Varaordførar Kjellaug Hoås Samland tok i mot gjestene. I tillegg orienterte kultur- og idrettssjef Else Marie Sandal om nokre av tilboda i kommunen. Frå Tyssedal Tilflyttarforeningen møtte Astrid Alfredsen og barnas turlag i Ullensvang møtte Eva Grete Rafdal.

Det var godt oppmøte og god steming. Vi fekk servert tapas frå Aga Tradisjonsmat og eplesaft frå Alde.

Tilflyttarkveld skal arrangerast årleg i kommunen vår.

 

IMG-0588