
Tilbod om oppfriskningsdose koronavaksine for aldersgruppa 75 år og eldre
FHI anbefalar ny oppfriskningsdose av koronavaksine våren 2023 for personar frå 75 år og eldre.
Vaksinetilråding
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at følgjande bør vaksinerast med ein oppfriskingsdose våren 2023:
- Personar i aldersgruppa 75 år og eldre og sjukeheimsbebuarar der det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose.
Ein ny dose vil vera særleg aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for at koronasjukdommen kan bli alvorleg dersom du blir smitta (sjå eige avsnitt om risikogrupper på FHi sine nettsider).
Vi tilbyr vaksinering følgjande dagar:
Fredag 21.04.23 | Røldal bukollektiv | kl. 10.00 – 12.00
Måndag 24.04.23 | Utne – Kjellaren på Utneheimen | kl. 09.00 – 11.00
Måndag 24.04.23 | Kinsarvik – Kardemommeby (Røysane 3) | kl. 13.00 – 15.00
Tysdag 25.04.23 | Jondal – Vikevollen peisestova | kl. 10.00 – 13.00
Onsdag 26.04.23 | Odda – Gamle Odda legesenter | kl. 09.00 – 1430
Torsdag 27.04.23 Odda – Gamle Odda legesenter | kl. 09.00 – 14.30
Fredag 28.04.23 | Odda – Gamle Odda legesenter | kl. 09.00 – 14.30
Time til vaksinering må tingast på vaksinetelefonen:
- Mob: 977 96 166
- Ope kvardagar kl. 10.00 – 12.00
Vaksina er gratis – velkomen!