Tilbod om 3. vaksinedose mot Covid-19 – oppfriskningsdose

Ullensvang kommune vil gje tilbod vaksine mot Covid-19 fram til sommaren.

Vaksinering

Vaksinasjonsstad er gamle Odda legesenter i Ullensvang rådhus.

Tidspunkt for vaksinering oppsette dagar er kl. 13.00 – 15.00

  • 9. juni

Du set deg sjølv opp til time via Helseboka.

 

Oppfriskningsdose

Dersom du er grunnvaksinert, to dosar, og ikkje har gjennomgått koronainfeksjon er det anbefalt at du tar oppfriskningsdose.

Dersom du er grunnvaksinert, under 65 år og har gjennomgått koronainfeksjon meir enn tre veker etter dose 2; kan gjennomgått koronainfeksjon, medisinsk sett, erstatta oppfriskningsdosen. Det er frivillig om du då vil ta ein oppfriskningsdose. Om du ynskjer det kan du ta vaksine 20 veker etter gjennomgått Covid sjukdom

 

Andre grunnar til å ta oppfriskningsdosen

Det er opna for at personar som er grunnvaksinert og som har gjennomgått koronainfeksjon kan få oppfriskningsdose for til dømes å oppfylle eit innreisekrav i eit anna land.

EU innførte 1. februar ein standard gyldigheitsperiode for koronasertifikat etter grunnvaksinasjonen (2. dose) på 270 dagar. I tillegg har EU avgjort at påvist gjennomgått koronainfeksjon ikkje er sidestilt med oppfriskningsdose.

 

Over 65 år

Er du over 65 år er det anbefalt at du tar oppfriskningsdosen før det har gått 3 månader frå 2. dose.

Ynskjer du at ditt barn skal ha koronavaksine? Ta kontakt med koronatelefone (tasteval 2) og meld din interesse. Vi samlar opp dei som tingar vaksine, og sender dykk dato og stad for vaksinering.

Alle barn og unge mellom 5-15 år må ha med seg ferdig utfylt samtykkeskjema til vaksinering. Dersom barnet har to føresette med foreldreansvar må begge føresette signera samtykkeskjemaet for at det skal vera godkjent. Her finn du samtykkeskjema.