
Tidleg røysting
Tidleg røysting i Ullensvang kommune ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.
Du kan tidlegrøysta i perioden 3. juli til 9. august 2023.
Tidleg røysting er for veljarar som ikkje har høve til å røysta i førehandsrøysteperioden
10. august – 8. september eller på valdagen 11. september.
Du kan tidlegrøysta på rådhuset i Odda v/innbyggjartorget mellom kl. 09:00 – 14:00 alle kvardagar.
Ved tidleg røysting nyttar ein generelle røystesetlar med punktskrift, som inneheld namn på dei
registrerte politiske partia i Norge.
På røystesetelen må du merke av for det partiet du ynskjer å røysta på.
Dersom du ynskjer å røysta på eit parti/gruppe som ikkje står på røystesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på røystesetelen.
Du kan ikkje gjere endringar på generelle røystesetlar då dei berre inneheld partinamn, ikkje kandidatnamn pr. parti.
Det er mogleg å røysta frå utlandet frå 3. juli og fram til og med 1. september.
Hugs å ta med legitimasjon når du skal røysta. Dersom du har mottatt valkort er det fint om du tar det med.
Valstyret i Ullensvang kommune