Legetenesta

Testing, symptom og legehjelp

Oppdatert informasjon per 01.10.21

Ved all kontakt med legetenesta, enten det er hos fastlegen, legevakt eller koronatelefonen vil du verta stilt spørsmål om helsetilstand slik at vi kan sette deg opp til time på riktig plass.

Har du symptomer på Covid 19?

Bruk koronasjekk.no for å sjå om du bør testast. Koronasjekk hjelper deg å finna ut av om du treng å testast, og viser deg vegen vidare. Etter du har svart på nokre spørsmål vil du få kortfatta og tilpassa råd til situasjonen din. Du kan avtale test utan henvisning frå fastlege, viser til FHI sin oversikt over testkriterier.

 

Slik får du test, kontakt:

Koronatelefonen i Ullensvang kommune

Kvardagar kl. 09:00 - 12:00

941 34 126

 

  • Det er krav om registrering på telefon både til time og ved testing.
  • Til tider kan det vera stor pågang på telefon, så noko ventetid kan påreknast.

Testing vert utført måndag til fredag kl. 13.00 på Bygdarbøen smitteklinikk. Smitteklinikken er lokalisert i same bygg som Folkebadet i Odda.

Testing vil bli gjennomført frå bil, køyr fram til oppstillingsplass og bli sitjande i bilen. Gje beskjed når du gjer avtale om testing, om du kjem til fots.

 

Svar på test

Svar på test finn du på Helsenorge.no. Du må sjølv gå inn i app og sjekka om svaret har kome. Ved positivt testsvar vert du kontakta av legetenesta.

 

Hva skal du gjøre hvis du mistenker at du er smittet med koronavirus (covid-19)? – les meir på FHI sine nettsider.

 

Køyr inn ved Røldalsvegen 64 og køyr på baksida langs blokkene ned att til Bygdarbøen. Då kjem bil med front rett veg - ut mot hovudvegen att.Køyr inn ved Røldalsvegen 64 og køyr på baksida langs blokkene ned att til Bygdarbøen. Då kjem bil med front rett veg - ut mot hovudvegen att.

Legevakt

Legevakt 116 117 er ope frå kl. 15.00 kvardagar, samt helg og høgtid. Legevakt behandlar akutte skader/tilstandar.

Akutt medisinsk nødtelefon 113

 

Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller andre Covid-19 symptom, er i karantene eller isolasjon?

Då vil vi konsultere deg i brakke utanfor legevakt. Du må vente på avkøyring utanfor Odda sjukeheim – dette er viktig for ikkje å sperre for ambulanse i uttrykning. Lege i smittevernutstyr vil koma ut frå ambulanseinngangen på sjukehuset og henta deg. Du vil få munnbind og hånddesinfeksjon.

Andre pasientar konsulteres i legevakta sin lokaler som vanleg.

 

Legekontor/ legesenter

Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller andre Covid-19 symptom, er i karantene eller isolasjon skal du ikkje møte opp på legekontor/-senter utan avtale. Dette av tryggleiken til våre pasienter som er i risikogrupper.