Fysioterapi og ergoterapi til barn og unge

Kommunen har fysioterapeutar og ergoterapeutar med spesialkompetanse på barn. Terapeutane samarbeider med helsestasjon, skule og barnehage. Når det er hensiktsmessig kan barnet få tenesta i heimen, barnehagen eller på skulen.

Kva kan du få hjelp til?

  • Undersøking, vurdering og behandling av barn med avvikande eller sein motorisk utvikling.
  • Undersøking, vurdering og behandling av barn grunna skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Rettleiing og råd til foreldre, barnehagar og skular med tanke på å ivareta og stimulere barnet sei motoriske utvikling.
  • Bistand i samband med å prøve ut, søkja om og tilpasse hjelpemiddel.

Slik søkjer du

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut eller ergoterapeut. 

Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr.telefon, ved å møta opp direkte på besøksstad eller ved å sende inn skjema.

Kontaktskjema fysioterapi og ergoterapi

Prisar

Born under 16 år har rett til gratis fysioterapitenester. Etter 16 år gjeld takstar for fysioterapibehandling. Oversikt over takstar for fysioterapi finn du nedst på sida her.

Kommunale ergoterapitenester er gratis.