
Styrke- og balansegruppe
Har du nedsett balanse eller er redd for å falle? Ergo- og fysioterapitenesta tilbyr styrke og balansetrening i gruppe med fokus på fallførebygging.
Målet med treninga
Førebyggje og redusere risiko for fall ved å betre styrke og balanse, samt gjere deg i stand til å halde fram med vidare trening på eiga hand når kurset er ferdig.
Korleis føregår tilbodet?
- Treninga føregår i grupper leia av fysioterapeutar. Storleiken på gruppa er ca 8-10 personar.
- Treninga er to gonger i veka, ca ein time (med pausar) i 8-10 veker kvart halvår. Ofte kan det vere hensiktsmessig å vere med 2 gonger.
- Måling av funksjon ved oppstart og avslutning av semesteret.
- Deltakarane kan få eigentreningsprogram digitalt eller på papir i tillegg, og ein oppmodar til eigentrening og kvardagsaktivitet.
- I løpet av kurset er det tilbod om informasjon frå ergoterapeut om fallførebygging i heimen.
For å delta i gruppa:
- Du må ha gangfunksjon, med eller uten ganghjelpemiddel.
- Du har nedsett balanse og/eller styrke i beina.
- Du kan ha hatt eitt eller fleire fall, eller du er engsteleg for å falle.
Kva forventer me av deg som deltakar?
- Me oppmodar til eigentrening og kvardagsaktivitet undervegs i kurset.
- Du må møte til avtala tid, og gje beskjed til fysioterapeutene ved fråvær.
- Du må sjølv stå for transport til tilbodet.
Påmelding
Påmelding til fysioterapeut Kamilla, eller via digitalt kontaktskjema her innan 6.10.23.
Oppstart vert i veke 42 på Helsehuset i Odda.
Kontakter

Kamilla Lauritzen
Fysioterapeut
900 32 918