El-liner

Straumstøtteordning til næringslivet

Regionalforvaltning er no opna for at verksemder i næringslivet kan søke om straumstøtte frå Ullensvang kommune, for månadane juli – september 2022.

Den økonomisk ramma er på inntil 10 mnok. Ordninga vart vedtatt av kommunestyret den 15.11.2022, sak 088/22. Det er anbefalt at alle som søkjer om straumstøtte les saka som ligg tilgjengeleg i denne lenkja.

 

Ordninga gjeld alle små og mellomstore verksemder, som er definert av:

  • mindre enn 100 tilsette
  • mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.

Ordninga gjeld ikkje:

  • offentlege verksemder
  • produsentar av kraft

Straumstøtteordninga er vedteke slik:

  • Støtta skal vera tilsvarande den statleg støtta som er etablert for landbruket. Støtta dekkjer 80% av kostnadene over 70 øre/kWh eks mva for straumforbruket i juli-september 2022
  • Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
  • Stønaden vert utbetalt basert på rekning for juli-september 2022
  • Det vert gitt støtte for forbruk på inntil 60 000 kWh per verksemd for 3 månadar.
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.
  • Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter.

I samband med utfylling av søknadskjema er det enkelte utfordringar som kan skape vanskar. Det er difor laga ein rettleiar for utfylling av desse punkta i søknadskjema – rettleiar finn du her.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til

Randi Rykkje

Næringsjef

randi.rykkje@ullensvang.kommune.no

479 67 677