Trolltunga med Ringedalsvatnet i bakgrunnen

Stengd veg: Tyssohallen – Skjeggedal

Statnett har ansvaret for transmisjonsnettet i Norge, og har fått konsesjon til å byggja ny transformatorstasjon i Åsen, Skjeggedal. Dette er ein konsekvens av at Boliden skal utvida den kraftkrevjande produksjonen sin og at eksisterande transformatorstasjon må fornyast.

I forkant av denne utbygginga, som startar sommaren 2023, vil Statnett utbetra vegen opp til Skjeggedal med 5 nye møteplassar. Dette vil bidra til å få ein betre trafikkflyt på vegen i anleggstida, men også for ettertida.

For å få til ei effektiv gjennomføring av tiltaket, vil det likevel krevja at vegen vert delvis stengt på kvardagane i inntil 7 veker.

Statnett er klar over at dette vil ha ulemper for alle brukarane av vegen, men håpar at dei ser nytten av tiltaka og kan sjå fram til ein betre veg.

 

Kontaktperson i Statnett for utbedringa av vegen
Eivind Sekse
Tlf. 997 08 711
Eivind.Sekse@Statnett.no

 

Perioden vegen vert stengt

  • 12. – 23. desember 2022
  • 2. januar – 3. februar 2023

 

Tidspunkt vegen er stengt

  • Måndag – torsdag kl. 07.30 – 19.00
  • Fredag kl. 07.30 – 15.00

Ope for gjennomkøyring

  • kl. 10.00 – 10.30
  • kl. 12.00 – 12.30
  • kl. 15.00 – 15.30

Due to road work, the road will be closed:

  • December 12. – December 23.
  • January 2. – February 3.

 

Time road are closed

  • 7:30 am – 7:00 pm, Monday – Thursday
  • 7:30 am – 3:00 pm, Friday

Limited access

  • 10:00 – 10.30 am
  • 12:00 – 12:30 pm
  • 15:00 – 15:30 pm