
Status Syreflot vassverk
Ullensvang kommune ynskjer å koma med ei statusoppdatering vedrørande Syreflot vassverk.
Me veit at det er forventningar om god framdrift på dette prosjektet. Det har vist seg å vera eit komplisert prosjekt, som har teke tid å gjennomarbeide. Det har vore viktig for oss å finne best mogleg løysing for abonnentane våre og for framtida.
Me har no konkludert i val av løysing og skal fornya vassverket med nytt vassbehandlingsanlegg og høgdebasseng. Plassering for nytt vassbehandlingsanlegg er planlagt ved sida av eksisterande anlegg på Fletene. Me legg opp til oppstart sommaren 2022 og ferdigstilling av det nye anlegget sommaren 2023.
Dette vert ein svært god løysning, som me ser fram til å få etablert. Oppgraderinga sikrar god vasskvalitet, samt sikker forsyning av drikkevatn og brannvatn (20 l/s). Det nye anlegget vil ha dobbel UV som desinfeksjon, og klordosering vil kun fungere som reserveløysing.
Ferdigstilling av vassverket i 2023 er ei betydeleg forseinking av det me har informert om tidlegare, noko me beklagar. Likevel håpar me at abonnentane vil setje pris på den heilskaplege oppgraderinga som vil sikre godt og nok vatn for alle abonnonentar på Aga.