Kunst figur av havfrue på berg på Utne

Status helse og omsorg

Kommunalsjef for helse og omsorg Vegard Kolve informerte kommunestyret i deira møte 20. oktober om status i sektoren. Informasjon som vart presentert finn du under.

Kva overordna planverk ligg til grunn allereie?

Dei nasjonale styringsdokumenta:

  • Leve heile livet – reforma har blitt forlenga til 2024
  • Framtidas eldreomsorg
  • Demensplan 2025

Lokalt planarbeid “Leve hele livet”:

  • Ikkje fullført, men er i sluttfasen

 

Kva styrer administrasjonen etter?

Kommunestyret sitt vedtak i budsjett 2021:

  • Gradvis omlegging Røldal sjukeheim, til omsorgsbustader med/utan heildøgnsomsorg, heimebaserte tenester.
  • Gradvis omlegging Utneheimen til omsorgsbustader med/utan heildøgnsomsorg, heimebaserte tenester i 2022.
  • Styrking av heimebaserte tenester:
      • 10 årsverk 2021
      • 10 årsverk 2022
    • Styrking demens, tilsetta demenskoordinator.
    • Styrking av arbeidet på dei lavaste trinna i omsorgtrappa.
    • Ta i bruk velferdsteknologi i tenestene, og i omsorgsbustader.
    • Utarbeiding av heilskapeleg plan for Helse og omsorg, med særleg fokus på pleie- og omsorgstenesta.

 

Kva skjer framover?

  • Forkorta plan med strategi og tiltak vert arbeidd med no, informasjon til kommunestyret i november.
  • Har blitt sendt ut førespurnad til fire selskap om å delta i tilbodskonkurranse.
  • Mål om val av leverandør og oppstart så snart som mogleg.
  • Tilboda inkluderer både kartlegging av dagens situasjon og framtidas situasjon òg behov.
  • Hovudplanen skal ha eit langsiktig perspektiv, 10-15 år fram i tid.

 

Status helse og omsorg

Prosessane med nedtak i 2021 har vore krevjande, men er gjennomført.

Arbeidet med endring av Utneheimen er starta i form av planlegging.

Det er svært krevjande tider der den største utfordringa er rekruttering, dette gjeld stort sett i heile sektoren.

Alle verksemder jobbar kontinuerleg med å sjå på tilpassingar av tenester og vurderingar knytt til å halde budsjetta.

 

Ventelister

Kommunen opererer med venteliste. Tilbakemelding frå statsforvaltar er at det er positivt at kommunen jobbar systematisk med venteliste.

Pr. 19.10.2021 har me fylgjande venteliste:

  • Korttid: 2
  • Langtid: 18