Rennande vatn frå spring i glass

Status for prosjektet «Syreflot Vassverk – UV i serie»

Ullensvang Kommune v/Prosjektavdelinga ynskjer å informera om status for prosjektet «Syreflot Vassverk – UV i serie»

I tidlegare prosjektfase har Ullensvang Kommune meldt at UV i serie, og soleis avslutning av klorbehandling, skulle ferdigstillast innan mars 2021. Av ulike årsaker må me diverre melde at dette vert forseinka. Me kjem tilbake med meir informasjon kring gjennomføring og ferdigstilling av prosjektet. Prosjektavdelinga beklagar ulempene dette medfører og takkar for tålmodet.