Spørjeundersøking om rekrutteringsutfordringar og bustadbehov
Ullensvang kommune ønskjer informasjon og innsikt i utfordringar med å rekruttere, som føl av bustadutfordringar.
I lenka under, finn de eit spørjeskjema der temaet er behova for bustader og rekruttering. Spørjeskjemaet vert sendt til bedrifter i kommunen. Målet er å nå alle bedriftene. Skjemaet vert difor også lagt på kommunen si heimeside.
Kven skal svara?
Dagleg leiar, tilsette ved evt HR-avdeling eller annan ressurs som vert gjeve oppgåva med å svare, svarar på vegne av heile bedrifta.
Svarfrist: 20.12.2024
Spørsmål?
Om noko er uklart kan de kontakta Randi Rykkje, telefon 47967677
Bakgrunn for spørjeundersøkinga
Utfordringa kring bustader har vore kjent lenge. Rekrutteringsutfordringa likeså, og gjerne i aukande grad, men med variasjonar mellom bedrifter, næringar og bygder. Ein har likevel ikkje konkret informasjon om utfordringane og omfanget av desse.
Ullensvang kommune deltek i prosjektet «Rekruttering i Hardanger», saman med andre kommunar og bedrifter i regionen. Prosjektet jobbar for at bedriftene skal få rekruttert riktig kompetanse til ledige stillingar, og at ein skal klara å halda desse ressursane i regionen.
At folk har eller kan finne bustad er vanlegvis ein føresetnad for å lukkast med rekruttering. Å handsama utfordringa knytt til bustadmangel er difor naudsynt. Ein treng difor kjennskap til omfanget og nyansane i utfordringsbiletet.
Om bruk av skjema
Merk! Fyrste gong du loggar deg inn på eit skjema via ID-porten må du leggja inn personnummer, namn, adresse ol. Det vert då oppretta ein «profil» som vert hugsa att neste gong du logger deg inn. Det er desse opplysningane som automatisk vert fylt inn i skjema.
Merk! Skjemaløysinga støtter ikkje nettlesarane Internet Explorer eller Opera. Du kan heller ikkje nytte Firefox frå mobil. Logg deg inn på skjema via nettlesarane Chrome eller Safari – så skal skjema fungere fint