Kran i Odda

Søk næringsfondet

Den 2. september opnar Ullensvang næringsfond sin søknadsrunde for hausten 2024. Frist for å søkja er søndag 13. oktober.

Informasjon

Før du søkjer er det viktig at du les gjennom og set deg inn i reglar for bruk av næringsfondet:

Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar Næringshagen i Ullensvang for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.

 

Kontakt

Næringshagen i Ullensvang

Smelteverket 57

5750 Odda

post@nhullensvang.no

53 65 07 00

www.nhodda.no/

 

Søknad må innehalde

Forutan informasjon om verksemda og prosjektet vert det stilt krav om kostnads- og finansieringsplan. Her vil ein mellom anna ha ein oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder for å kunne gjennomføra prosjektet.

Vedlegg som skal fylgje søknad:

  • Driftsbudsjett for oppstartsår + 2 fylgjande år

I tillegg bør dette fylgje søknad:

  • Skatteattesten til verksemda
  • Rekneskap for verksemda – siste rekneskapsår

Søknadar som manglar ovannemnde opplysningar kan risikera å ikkje bli handsama og kan verta avvist.

Når Utval for samfunn, plan og næring har handsama søknadane til Ullensvang næringsfond, vert det sendt ut eit tilsegnsbrev. Dette vert send til bedrifta via Altinn.

Når ei bedrift har teke imot tilsegn om tilskot i Altinn, har bedrifta tre veker på å stadfesta vilkåra for tilskotet. Skjema for stadfesting av vilkår finn du her. Når du fyller dette ut og sender det inn vert det automatisk returnert til sakshandsamar.

Før ei bedrift kan få utbetalt løyvd tilsegn, må prosjektet kunne dokumentere å ha utført tiltak som svarar til minimum 50% av dei totale, budsjetterte kostnadane i søknaden.

Når tiltak som svarar til minimum 50% av kostnadsramma i prosjektet er utført, kan bedrifta anmoda om utbetaling av tilskot.

Følgjande informasjon må gå fram av anmodinga:

  • Saksnummeret i utvalet (jf. tilsagnsbrevet)
  • Bedrifta sitt organisasjonsnummer
  • Bedrifta sitt kontonummer
  • Kort omtale av gjennomføringa av tiltaka i prosjektet , og evt. forklaringar på evt. avvik.
  • Beløpet det vert bedt utbetalt
  • Rekneskap for prosjektet
  • Vedlegg; kvitteringar og ev. timeliste på eigeninnsats jf. finansieringsplan i søknaden

Anmodinga vert sendt til postmottak@ullensvang.kommune.no