IMG-1858 (1)

SMARTare Teknologi: Elever + næringsliv = sant

6. klassinger frå heile Ullensvang, 113 stykk, har delteke i SMARTare Teknologi dette skuleåret.

SMARTare Teknologi er eit undervisningopplegg der elevane skal bruka kreativiteten og kunnskapen sin til å løysa reelle problemstillingar i samfunnet. Teknologi er middelet, men målet er gode og berekraftige samfunn å leva i.

Elevane vil få ei problemstilling frå arbeids- og næringsliv der målet er å finna gode, berekraftige og kreative løysingar for framtida. Kanskje vil ikkje løysinga vera gjennomførbar i dag, men om 50 år.

Mikkelsparken var oppdragsgivar i år og problemstillinga var som følgjer:

«Korleis kan Mikkelparken, ved hjelp av teknologi, skapa gode barndomsminne om 10 – 15 år? Lag ei ny oppleving/attraksjon som kan inspirera barn og unge til å tenkja på miljøet.»

SMARTare teknologi blir organisert som ein SMARTcamp, der elevane jobbar i grupper med å laga ein modell som beskriv løysinga si på problemstillinga.

Sitat elev: «Det eg likte aller best med prosjektet var å bygga modellen. Eg trur heller ikkje eg hadde klart dette utan dei andre på gruppa. Det var gøy å jobba på denne måten.»

Gruppene presentera løysinga si for ein skulejury og eitt lag frå kvar skule går vidare til kommunekåring. Dei skulane som vinn kommunekåringene, går vidare til den digitale fylkesfinalen.

 

Kommunekåring

Onsdag denne veka var skulevinnarane frå 6 skular i Ullensvang samla for å presentera løysinga si på problemstillinga til Mikkelparken. Ein jury vurderte alle løysingane, og hadde den vanskelege jobben med å kåra ein kommunevinnar.

Dommarar i kommunefinalen var Anita Meling frå Mikkelparken, Lars Instanes frå Mikkelparken, Hilde Gjester Hoel frå Odda Videregående skule og Vibeke Lynghammer frå Ullensvang kommune.

Hauso skule vart vinnarar av årets SMARTare Teknologi, og skal representera Ullensvang i fylkesfinalen i april. Løysinga til elevane ved Hauso skule var laga som eit Escape room, med fem ulike nivå, der ein skulle løysa oppgåver relatert til berekraft og teknologi. Aktiviteten er nyskapande, og kan heile tida endrast og utviklast. Aktiviteten er for heile familien, og vil kunna inspirera barn og unge gjennom spel og aktivitet, til å ta vare på miljøet.

Hauso skule vart vinnarar av årets SMARTare Teknologi, og skal representera Ullensvang i fylkesfinalen i april.  Foto: Lars InstanesHauso skule vart vinnarar av årets SMARTare Teknologi, og skal representera Ullensvang i fylkesfinalen i april. Foto: Lars Instanes