
Skogkveld på Hauso, Ullensvang
Skogselskapet, Indre Hardanger skogeigarlag, AT Skog, Ullensvang kommune og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til skogdag for skogeigarar og skoginteresserte.
Opent for alle. Ingen deltakaravgift.
Enkel servering med kaffi og noko attåt.
Oppmøteplass: Hogstfelt over Hauso barneskule, følg skiltinga
Dato og tidspunkt: torsdag 21. sept. Klokka 17.00
Program/tema:
- Hogst
- Tømmerprisar og marknad
- Hogstmetodar og lønsemd
- Skogsbilvegar
- Revidert PEFC skogstandard
- Inntekter og utgifter i skogen
- Synfaring av plantefelt/ungskogfelt
- Vurdering av plantefelt
- Demonstrasjon/vurdering av ungskogpleie
- Kvalitetsfremjande tiltak i skogen
- Tilskotsatsar
Det vil vere mogelegheiter for gode skogdiskusjonar og stille spørsmål til fagpersonar frå skogbruket.
Alle skogeigarar vil ha nytte av dette.
Skogselskapet, kommunen, Statsforvaltaren og AT Skog vil delta.
Vel møtt!