Sikkerhetsinformasjon for reguleringsområdet til Røldal-Suldal

Informasjon frå Hydro Energi AS og Lyse kraft:

Kraftlinjer

Ved store snømengder eller oppbygging av skavlar kan det oppstå område med låg avtand til kraftliner. Desse områda vil normalt vera tydeleg  merka, men forhold kan endra seg raskt. Hald stor avstand frå linjer og vis aktsemd.

 

Usikre isforhold

På vatn i regulerte vassdrag vil det alltid vera fare for område med ope vatn og usikker is. Vær særleg merksam ved inn- og utløpsosar for tappetunnelar, kraftstasjonar o.l. Varierande vasstand fører til generelt svake parti og store sprekker i isen langs land. Desse kan vera skjulte av tynne lag med snø og is. Mildvær og nedbør kan føra til auka vasstand og mykje overvatn på magasina. Hald stor avstand frå usikre område og vis aktsemd.

 

Oppdaterte medlingar om aktuelle forhold via SMS-teneste

Det er etablert SMS-teneste der alle som ønskjer kan motta statusmeldingar om aktuelle forhold.

  • Gruppemelding «RSKVEST» for informasjon om forholda i Valldalen og Votna.
  • Gruppemelding «RSKAUST» for informasjon om forholda på Sandvatn og Holmevatn

Innmelding i gruppene kan du gjera slik:

  • Send SMS til 2229 med teksten RSKVEST eller RSKAUST (i eitt ord), og du vil straks motta sms-melding med oppdatert informasjon, samt informasjon ved endring.

Om du ønskjer å stoppa meldingane;

  • Sender du SMS til 2229 med tekst RSKVEST STOPP eller RSKAUST STOPP (med mellomrom mellom orda slik du ser over)

 

Vis respekt for inngjerding og skilting, ver forsiktig og ha ein fin tur.

Forholda kan endra seg raskt, så meld frå om usikre forhold.