Riis-prisen, prosjekt for 15-18 åringar innan låtskriving og visuell kunst

Bli med i eit kreativt ungdomsprosjekt der låtskriving og visuell kunst møtast! Møt andre ungdommar med same interesser i ein kreativ og lærerik prosess.

Norsk kulturskuleråd inviterer i samarbeid med Andr. L. Riis AS til prosjektet Riis-prisen 2022!

Dei søker ungdommar i alderen 15-18 år innan fagområda låtskriving og visuell kunst. Inntil 20 søkarar blir valde ut. Gjennom ein kreativ prosess skal dei gruppevis jobba fram mot eit ferdig produkt som kombinerer låtskriving med eit visuelt uttrykk.

Gjennom den kunstnariske prosessen får dei utvalde deltakarane ekstra oppfølging av mentorer innan musikk- og visuell kunstfeltet.

 

  • Søknadsportal opnar 1. januar 2022.
  • Søknadsfrist 28. februar 2022

 

For meir info: www.kulturskoleradet.no