
Rett fyring i vedomn
4 grunnar til å fyra riktig
Miljøvennleg
Fyrer du riktig, reduserer du sot- og partikkelutsleppa og dermed bidreg til mindre lokal luftforureining.
Klimavennleg
Ved er ei fornybar energikjelde og derfor eit klimavennleg alternativ til fossil oppvarming. Sot frå vedfyring i Nord-Europa bidreg til raskare oppvarming i Arktis. Soten legg seg på snø og is, og trekkjer til seg varme. Riktig vedfyring reduserer desse negative klimaeffektane.
Lønnsamt og effektivt
Fyrer du riktig, vert veden utnytta betre og du oppnår inntil dobbelt så mykje varme.
Trygt og brannsikkert
Fyrer du riktig, får eldstaden ei meir skånsam behandling. Det gir mindre vedlikehald, reine glas og redusert risiko for sot- og pipebrann. Vedfyring varmar òg ved straumbrot.