33033454-environmental-pollution-plastic-bottle-on-the-beach

Rein Hardangerfjord 2023

På ny samlast frivillige, næringsliv, lag og organisasjonar for å rydde Hardangerfjorden for plast. I fjor bidrog meir enn 2000 ryddarar på over 160 ryddeaksjonar langs heile fjorden. Den storstilte aksjonen er 15. september og alle som har lyst til å bidra til eit betre miljø i og langs Hardangerfjorden vert oppfordra til å delta.

Helene Sandsten er ny prosjektleiar for Rein Hardangerfjord, og gler seg til aksjonen.

– Med så mange frivillige i aksjon er dette eit stort løft for heile Hardangerfjorden. Me er veldig glad for at me har med oss kommunane på laget. Allereie har fleire lag og kommunar oppretta ryddeaksjonar. Det er viktig at ein ryddar der ein er, og kommunane har difor ei viktig rolle som koordinator, fortel Helene Sandsten.

Mangeårig plastryddegeneral Kenneth Bruvik har jobba med plastproblematikken i mange år og er ein av initiativtakarane til ryddeaksjonen.

– Ein kunne håpe at ein etter å plukka over 20 tonn med plast så hadde ein klart å få ein rein Hardangerfjord, men slik er det ikkje. Det er mange plassar me ikkje har rydda og plasten har diverre ein tendens til å «komme tilbake». Plastforureining er eit av dei store miljøproblema og i fjordane våre hopar det seg opp. Jo fleire som er med å rydde jo lettare blir jobben med å fjerne problemet, seier Kenneth Bruvik.

Ullensvang Kommune stiller opp for aksjonen og kommunekoordinator er Hjalmar Heimvik

Me stiller sjølvsagt opp for den viktige saka og oppmodar våre innbyggarar og næringslivet til å stille opp denne fredagen. Gjer det til noko sosialt og kjekt å rydde! Slik får me Rein Hardangerfjord.

Informasjon om din kommunekoordinator og svar på nyttige spørsmål finn du på nettsida til  reinhardangerfjord.no.

 

 

Det er enkelt å delta!

Ønsker du å samle ein gjeng og opprette ein eigen ryddeaksjon så kan du gjera det på nettsida til reinhardangerfjord.no. Hugs å bruke ryddeknaggen «Rein Hardangerfjord 2023» når du legge inn aksjonen.

Ønsker du å vera med på ein aksjon så kan du leite etter aksjonar i ditt nærområde i kartet på nettsida til ryddenorge.no. Aksjonane blir lagt inn fortløpande fram mot 15. september.

Rein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt og er verdas største ryddeaksjon for plast.

Alle kommunane rundt Hardangerfjorden er med, fleire havbruksselskap, ei rekke forskingsinstitusjonar som Marfo, Norce, UiB, i tillegg til organisasjonar og offentlege instiusjonar som blant anna Handelens Miljøfond, Fiskeridirektoratet og mange fleire.