Reduksjon i husleige ved bruk av Odda kino og kulturscene

Tida med covid-19 og nedstenging har vore tøff og vanskelig for mange, også det frivillige kulturlivet.

Når samfunnet etterkvart opnar, vil me gjerne at kulturlivet skal koma i gang i heile kommunen. Derfor vil Ullensvang kommune bistå, både med ulike tilskot, og med reduksjon i husleige ved bruk av Odda kino og kulturscene.

I perioden 1. feb – 1. juni kan lokale, ikkje kommersielle kulturaktørar, leiga Odda kino til halv pris.

 

Ta kontakt for meir informasjon og booking:

Bjørg Skogasel

Driftsansvarleg Odda kino og kulturscene

bjorg.skogasel@ullensvang.kommune.no