Rapport Aga: Vurdering av skredfare etter hogst

Ullensvang kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan for Skotamyri 21. oktober 2020.

Planen legg til rette for ny skule på Aga. Dette vedtaket vart påklaga av nabo. Det vart i klagen mellom anna peika på at uttak av skog kan ha ført til endringar i skredfaresituasjonen. Skogsdrifta har foregått etter at NGI utarbeidde skredrapport i reguleringsplanprosessen.

Administrasjonen bestilte såleis oppdatert skredrapport frå NGI, som grunnlag for at kommunestyre skal kunne handsame klagen med best mogleg faktagrunnlag.

Rapporten peikar på at uttak av skog har endra situasjonen. NGI har gjort ei detaljert modellering som i siste revisjon av rapporten viser at trykket frå snøsky er utanfor tilrådde verdiar for utomhusopphald.

Kommunen vil ha vidare dialog med NVE og NGI om innhald i rapporten.

 

Vedlegg: