Duk

Pressemelding “NVE-rapport aktsomhetssone i Sørfjorden”

Det er vanleg å krevja overvaking for å sikra utvikling i område med sannsyn for skred.

Det er krevjande å forhalda seg til aktsemd for 5000 års sannsyn.

Det er med andre ord ikkje slik at det er overhengande fare for slike hendingar.

I planlegginga vår skal vi ta omsyn til sannsynet. Ei vedvarande måling av fjellområda vil medverka til at utviklinga i Sørfjorden kan halda fram.

Endringar i ei kjent framtid kan observerast og varslast i lang tid før det er fare for 1000-5000 års skred.

Kommunen har tett dialog med NVE om langsiktige overvakingstiltak. Kjem desse tiltaka på plass og staten godkjenner dei, vil det sikra utvikling i lokalsamfunna.

NGI har nyleg utarbeidd rapport mellombels aktsemdssone i Sørfjorden. Kommunen mottok rapporten 14. mars og vi har no arbeidd med å setja oss inn i rapporten og dei vurderingane NGI-NVE har gjort. Dei moglege fjellskreda rapporten peikar på (Træstane og Deildo) har sannsyn på 1000-5000 års intervall. Vi meiner difor innbyggjarar og næringsliv ikkje treng ha noko umiddelbar frykt for flodbølgjer eller fjellskred.

Rapporten er likevel problematisk, då ein vil trenge permanent overvaking av fjellpartia for å kunne tillate større byggeprosjektet i dei nye aktsemdsområda.

Kommunen har god dialog med NVE-NGI for å løyse dette. NVE har til behandling eit forslag om endring av teknisk forskrift. Endringa vil gjere det slik at periodisk overvaking av fjella skal gi tilstrekkeleg tryggleik.

Kommunen vil likevel krevje permanent overvaking av fjellpartia. Dette kravet tek vi med i den vidare dialogen med NVE.

Roald Aga Haug
Ordførar