Pressemelding frå Kommunal kriseleiing – 31. oktober kl 15:00
Flomvarslinga – prognosane er slik som tidlegare. Me har ein voldsom auke i vassføringa, og den vil auke vidare.
Fleire av elvene våre kan få veldig høg vassføring. Det er ikkje planlagt dei store evakueringane. Men vi har planar for korleis evakueringar kan gjennomførast. Det vert bistand frå Sivilforsvaret. Evakueringssenter er tenkt på OFK-bygget. Me har og tilgang på skulen ved sida. Det vert også gjort vurderingar av eventuelle evakueringar andre stader i kommunen.
Kommunen oppforder befolkninga til å ta forholdsreglar og følga med på eigne eigedomar.
Sette oss inn i eit Samvirke KO. Det vert oppretta ein samvirke kommandoplass frå kl 18 i dag.
Vi legg ein plan for kva vi må gjera dersom Opovassdraget og andre vassdrag aukar til eitt uforsvarleg nivå. Det er kritiske punkter i Opo som me følgjer med på utover kvelden og natta. Vi følger også med andre vassdrag i kommunen som kan gå ut over breiddene sine.
Frå kl 18 er det Rv13 sør for Odda og nord for Odda stengt. Vidare er 550 ved Egne Hjem, mellom Odda og Folgefonntunnelen stengt. Dette betyr at regionsenteret frå klokka 18:00 i ettermiddag er heilt isolert på vegane.
Vi er også bekymra for at bru ved Eitrheim kan verta stengt grunna massar som fyller opp under. Vegvesenet følger dette opp med fylkeskommunen for å få sikra at dette ikkje sker.
Ikkje noko nytt frå Brann og redning, men når vegane vert stengt, så vil det verta lenger utrykkningstid. Vi ser om det kan gjerast tiltak for å halda enkelte vegar opne. Særleg Egne Hjem.
Helse og omsorg har god kontroll. Folk er i beredskap i Tyssedal, Skare og Eitrheim. Det er avtalt med Vindfjord om legevakt. Det er ikkje utfordringar med medisiner per no.
I Oppvekst er ingen tenester stengde, men ein del elevar slepp å møta på skulen i dag og i morgon.
Båten Epos lager ei båtrute i samarbeid med kommunen. Båten har kapasitet til 100 passasjerar.
Kystvakten Njord er på veg og vil vera på Utne rundt klokka 19:00. Dei vert bedt om å segla til Odda.
Det er plassert ambulansar i Jondal og på Lofthus. Det vert arbeidd med å sikra beredskap i Røldal.
Det vert nytt møte i KKL i kveld klokka 21:00
Roald Aga Haug
Ordførar