Pressemelding – Ekstremvêr Jakob

Kommunen sine folk byrja på måndag med førebygging. Dei har gjort tiltak for å renska sandfangkummar og anna som trengs for å skapa best mogleg kapasitet for å ta unna vannmassar.

Kommunen har brukt alt tilgjengeleg personel for å gjera alt ein kan gjera for å førebygga.

Det er raudt varsel for alle vassdraga våre i Ullensvang. Vi vil følga situasjonen nøye for å sjå om det kjem endringar.

Vi er særleg bekymra for sideelvene, og bekkar. Og vil også følga vassføringsmengden i dei større vassdraga tett.

Situasjonen kan bli heftig, og vi ser nøye på korleis vi kan førebygga mest mogleg mot uønska hendingar.

Ambulanse og Helse-fonna
Dei vil følga situasjonen tett og gjera prioriteringar ut frå utviklinga.

 

Statens vegvesen:
Fylkesveg 49 i Mauranger, mellom Jondal og Odda vert stengt prevantivt frå klokka 22:00 i kveld og til ny vurdering kl 10.00, på torsdag. Vi er ikkje kjent med at det er avgjort ytterligare vegstengingar. Vegvesenet kan vurdera vegstengingar på kort varsel.

Statens vegvesen opprettar lyttevakt ved Teigen, Byrkjenes og Stana i høve til rasfare.

Følg med på Vegtrafikksentralen sine nettsider for oppateringar.

Vi freistar å få oversikt over kva Skyss kan gjera for å få til ei best mogleg handtering av kollektivtrafikken.

Vi har bestilt beredskapsbåt med plass til 12 passasjerar båt (Pilajenta) – som er på veg for å sikra at vi har den på plass før været kan gjera det vanskeleg. Det er lettbåt tilgjengeleg i båthavn som kan nyttast til passande oppdrag.

 

Politiet har kalla inn tilgjengeleg personell for å vera best mogleg bemanna i tida som kjem.

 

Oppvekst vil vurdera etter kvart om det vert naudsynt å lukka enkelte skular, eller barnehagar. Dette vil bli varsla så snart det er avklart.

 

Helse og omsorg gjer tiltak for å koordinera personell slik at ein kan ta hand om dei som vi har tenester for i ulike delar av kommunen.

 

NVE har tilrådd at kvar enkelt, det offentlege og privat næringsliv begrenser ferdsel som ikkje er naudsynt. Så lenge vegane er opne kan dei nyttast, men ein treng ikkje reisa unødig dersom situasjonen tilseier det.

 

Nytt KKL-møte er i morgon, torsdag klokka 11:00 – 12:00.

 

 

 

Roald Aga Haug

Ordførar