Pressemelding – aktsemdssone, fjellskred

Vi kan leva trygt i Sørfjorden og utviklinga skal fortsetta.

Utfordringane med fjellskredanalysar og flodbølgeproblematikk i 5000 års perspektiv skal løysast. Vi legg all vår arbeidsinnsats inn på å avklara utfordringar og få nasjonale endringar i regelverket som sikrar investeringar i heile kommunen.

Vi har dialog med regjeringa. Som tek saka på alvor og vil møta oss for å sjå på løysingar.

Gruppeleiarane i alle parti har hatt dialog om denne saka. Samt næringslivet. Eg oppfattar at det er tverrpolitisk semje. Vi kjem til å stå saman om å løysa alle utfordringar i denne saka.

Målingane ved Træstane og Deildo starta i 2017. Då kom også den nye Tek-17 forskrifta, som har skjerpa krava. Regelverket gjer utslag vi trur lovgjevarane ikkje såg på førehand. Konsekvensane er ikkje rimelege og vi møter forståing for det på nasjonalt nivå. Allereie i 2017 ba NVE regjeringa gjere oppmjukingar og presiseringar i forskrifta, slik at berørte samfunn ikkje vert lamma unødig. No må dette effekturerast og leggast til høyring.

Vi er i dialog med regjeringa om å få forslaget handsama så raskt som mogleg.

Vidare tek vi opp alle andre problemstillingar som løyser saka. Få om nokon kommunar står føre ei så stor utvikling dei neste få åra som Ullensvang. Difor er det særleg viktig for oss å få på plass tiltak og fornuftig regelverk som legg til rette for utvikling.

Vi har krevd at NVE set i kraft alle tilgjengelege tiltak. Etter møtet med dei for ei veke sidan kom det raskt avklaring på at NVE kjem kommunen i møte. Dei har lovt og er i gang med å framskunda alle tiltak dei rår over.

Vi kan leva trygt i sørfjorden. Eventuelle utfordringar med rørsler i fjellpartia vil vera registrert og kjent svært lang tid i forkant. Det er ingen umiddelbar fare

NVE anbefaler forskriftsendringar. Og vi opplever at NVE har same synspunkt som oss, at dette ikkje må lamma utviklinga i regionen.

Politisk leiing og administrasjon set for tida all innsats inn på å løysa utfordringane aktsemdssona skapar.

 

Roald Aga Haug
Ordførar