Oppvekstplan-11

Planoppstart av detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen

Med dette varslast det om ny planoppstart for detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen, PlanID 46182023002 (erstattar tidlegare detaljreguleringsplan for Freimslia, endring, PlanID 46182022004).

Forslagsstillar: Ullensvang kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt at Ullensvang kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen. Eigedomar innanfor planområdet er: Gnr. 57 bnr. 1, 36 m.fl. og gnr. 58 bnr. 1, 2, 86, 288 m.fl.

 

Planstatus og føremål

I den gjeldande kommuneplanen sin arealdel frå 2007 er området sett av til framtidig bustadområde og LNF-område (PlanID 12282007001).

Planområdet er per dags dato regulert etter gjeldande detaljreguleringsplan for Freimslia frå 2002. Areala innan planområdet er regulert til bustadområde, offentleg friområde, fellesområde, fareområde, offentleg trafikkområde, samt spesialområde for rasvoll gjennom reguleringsplan for Freimslia (PlanID 12282002002).

Det var den 18.11.22 varsla om planoppstart av detaljreguleringsplan for Freimslia, endring, PlanID 46182022004. Etter nærare faglege utgreiingar og vurderingar i 2023, vart det avdekka eit behov for utviding av planområdet for å betre framkomst under anleggs- og driftsfase, sikre mot flaum og dekke tilstrekkeleg areal for etablering av rasvoll.

Det skal leggast til rette for tiltak langs Ragdevegen. Tiltaka omfattar oppgradering av transportkapasitet i høve anleggsarbeid, i tillegg til tilrettelegging for framtidig betjening av eit nytt bustadområde på Freimslia.

Detaljreguleringsplanen vil heilt eller delvis erstatte følgjande gjeldande reguleringsplanar:

  • Reguleringsplan for Freimslia, PlanID 12282002002, vedteken 29.05.2002
  • Reguleringsplan for Freim-Ragde, PlanID 12281961002, vedteken 17.11.1961
  • Reguleringsplan for Freimssanden- Ragdesletta, PlanID 12281982001, vedteken 12.05.1982
  • Reguleringsplan for Freimssanden- Ragdesletta Reguleringsendring, PlanID 12282005004, vedteken 08.02.2006
  • Reguleringsplan for Ragde, PlanID 12281970001, vedteken 10.05.1970
  • Reguleringsplan for Ragde II, PlanID 12281981003, vedteken 25.05.1981

 

Avgrensing av planområde

Planområdet er på anslagsvis 208 daa. Kart som syner planavgrensinga er vedlagd.

 

Viktige tilhøve

Planarbeidet skal spesielt vurdere problemstillingar knytt til skred og skredsikring, infrastruktur og bustadutbygging. Andre problemstillingar som også skal vurderast er m.a. flaum, landskap og nærmiljø, naturmangfald, estetikk, samt barn og unges interesser.

Ullensvang kommune har vurdert at planarbeidet er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vurdering av planlagde tiltak opp mot forskrifta ligg som eit eiga kapittel i det vedlagde grunnlagsdokumentet.

 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast til Ullensvang kommune via vårt digitale skjema eller per post/e-post:

Frist for å kome med innspel er sett til 22.12.23

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune ved Viola Starr på e-post.

 

Merknader skal merkast med "Detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen, PlanID 46182023002"

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no