Demens

Pårørandeskulen – Kurs for pårørande til personer med demens

Kurs for pårørande til personer med demens – Hausten 2023.

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær venn med demens-sjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon.

Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og treffer andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

 

Kursinformasjon

Tema: Demenssjukdommar, kommunikasjon, åndeleg omsorg, tenester i kommunen, økonomi, seksualitet, fysisk aktivitet, hjelpemiddel, historie frå pårørande mm.

Kurset er over 4 samlingar

  • Datoar:
    • 20. september
    • 27. september
    • 4. oktober
    • 11. oktober
  • Tid: Frå kl. 18.00 til kl. 21.00
  • Stad: Bokko kafé i Odda
  • Kursavgift: Gratis

For nærare opplysingar og påmelding:

  • Demenskoordinator i kommunen:
    • Hannelore Schweitzer, tlf: 903 61 745
  • Ullensvang demensforening:
    • Liv With, tlf: 952 46 071
    • Dagfrid Nilsen, tlf: 481 12 520

 

Arrangør: Ullensvang kommune i samarbeid med Nasjonalforeningen Ullensvang demensforening