Pårørandekonferansen 2024 – Når kvardagslivet snur
Torsdag 19. september vert det digital visning av Pårørandekonferansen 2024 i Kinosalen i Odda.
- Dag: Torsdag 19. september
- Tid: kl. 10:00 – 15:00
- Stad: Kinosalen i Odda
- Meld deg på:
- E-post: hege.lyssand@ullensvang.kommune.no
- SMS: 97 55 85 44
- Digitalt påmelding finn du her.
Om årets tema
Kva når partneren din byrja å gløyma? Når barnet du nett har født, viser seg å ha ei funksjonsnedsetting? Når du ikkje klarar å stå i jobb lengre fordi det er for krevjande å følgja opp dei gamle foreldra dine? Eller når du finn ut at sonen din ikkje har vore på skulen på fleire veker?
Dei fleste av oss kjem til å oppleva brå endringar og inngripande overgangar i livet. Årets Pårørandekonferanse set søkjelyset på korleis me kan finna gode vegar vidare, og på korleis håpet finst sjølv når alt verkar håplaust.