Brannførebygging

På tide å byte ut røykvarslarane?

Røykvarslarar bør bytast ut etter 8–10 år. Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er? Test røykvarslarane og byt batteri på Røykvarslardagen 1. desember.

Elektronikken i røykvarslarar taper seg over tid. I tillegg kan evna til å detektere røyk bli redusert grunna støv og smuss som samlar seg opp i løpet av åra.

– Røykvarslarar er generelt modne for utskifting etter 8–10 år. Du bør difor sjekke alderen på røykvarslarane dine og vurdere om det er på tide å byte dei ut. Produksjonsdatoen står på baksida av røykvarslaren.

 

Røykvarslarar er EE-avfall

Når du byter sjølve røykvarslaren eller skifter batteri, er det viktig at du sjekkar med testknappen at varslaren fungerer. Røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast inn gratis hos ein forhandlar eller attvinningsstasjon.

Ei undersøking frå Prognosesenteret viser at det i gjennomsnitt er installert 3,5 røykvarslarar per bustad og 2,5 røykvarslarar per fritidsbustad. Til saman er det cirka 10 millionar røykvarslarar rundt om i norske heimar.

 

Kople saman røykvarslarane

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og det må vere minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er laten att.

Du bør teste røykvarslarane dine jamleg og etter kvar gong du har vore vekke lenge. Det er også ein fordel å støvsuge varslaren med jamne mellomrom. Dette vil forlenge levetida til varslaren.

– Du bør kople saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes viss ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv.

 

Ta med barna

Mange tenkjer at brannar ikkje er noko som kan skje i deira heim, men det kan byrje å brenne heime hos alle. Ein må vere sin eigen brannsjef og førebyggje brann gjennom brannvern og opplæring.

– Ein fin aktivitet i desember kan vere å ta med heile familien på å leite etter gode rømingsvegar, sjekke røykvarslarane og kontrollere brannsløkkjaren.

Røykvarslardagen 1. desember er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.

 

Rett plassering av røykvarslaren:

  • Monter røykvarslaren på det høgste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
  • Ha minst éin røykvarslar i kvar etasje.
  • Viss bustaden har fleire etasjar, bør du plassere røykvarslarar nær trappene, slik at lyden frå alarmen ber betre gjennom etasjane.
  • Installer minst éin røykvarslar per 60 kvadratmeter.
  • Ikkje la avstanden mellom to røykvarslarar vere større enn 12 meter.