Planavgrensing

Oppstart av detaljreguleringsplan for Tryglavik

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Tryglavik, planID 46182022006

  • Forslagsstillar: Ullensvang kommune
  • Frist for å kome med innspel er sett til 20.01.23

 

Initiativtakar

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt at Ullensvang kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Tryglavik. Eigedomar innanfor planområdet er gnr 331. bnr.1, 4, 31, 71, 154, 155 og 160.

 

Planstatus og føremål

Planområdet er regulert i Kommuneplanen sin arealdel for Jondal kommune frå 2012 (planID 12272012000) til næringsverksemd. I planen går det fram at fylgjande tiltak kan etablerast: massetak/massedeponi, tungindustri, djupvasskai. Det er inga eksisterande reguleringsplan i planområdet.

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av tiltak knytt til næring i Tryglavik. Det vil bli tilrettelagd i planarbeidet for etablering av biogassanlegg, anna næring, kai og fylling i sjø.

 

Avgrensing

Planområdet har ein storleik på 109 daa, kart som syner avgrensing er vedlagd.

 

Viktige tilhøve

Ullensvang kommune har vurdert at planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing og skal difor konsekvensutgreiast etter vurdering av forskrift om konsekvensutgreiing. Tema som skal konsekvensutgreiast er landskap, friluftsliv og naturmangfald. Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiing går fram av grunnlagsdokumentet.

Planarbeidet skal og vurdera viktige tema som kan ha konsekvensar for dei planlagde tiltaka i planarbeidet. Tema som blir vurdert er utforming, flaum- og skred, nærmiljø, veg- og trafikksituasjon, kollektivtrafikk, vatn- og avløp og overvasshandtering, parkering, strandsone og sjøareal, naturvern, naturvern, støy og ureining, kulturminne og born- og unge sine interesser.

 

Merknader til varsel om oppstart

Eventuelle merknader og innspel som kan ha innverknad og/ eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til Ullensvang kommune.

Merk merknad/innspel med “Detaljreguleringsplan for Tryglavik, planID 46182022006”.

Frist for å kome med innspel er sett til 20.01.23

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Ullensvang kommune ved Håvard Apold på e-post.

 

Kontakter

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no