Koronavirus

Oppdatert koronainformasjon

Testing

Måndag 30. mai var siste dag for testing ved Bygdarbøen smitteklinikk.

Frå 1. juni vil ein kun testa på klinisk indikasjon. Det vil sei at lege rekvirerer test etter ein medisinskfagleg vurdering, på lik line med andre infeksjonar. Du må tinga time hjå fastlege, og prøven vert teken der.

Har du behov for hurtigtest? Innbyggjartorga har nokre testar tilgjengleg, ta kontakt med dei på tlf. 53 65 40 00 for å avtale utlevering.

 

Koronatelefonen

Frå 31. mai vil ikkje denne telefonen vera betent. Vi henviser til fhi.no for svar på spørsmål. Kontakt fastlege ved behov.

 

Reiser til utlandet

Har du planar om å reisa til utlandet, søk informasjon i god tid før avreise om kva som gjelder for det landet du skal opphalde deg i. Informasjon om din eigen vaksine status finn du på Helsenorge.no