Brannvern

Open dag på brannstasjonar

Open brannstasjon blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale brannvernveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi me bruker meir straum og levande lys.

– Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege brannvernveka. I Ullensvang er det open brannstasjon på Odda stasjon, Røldal stasjon, Utne stasjon og Jondal stasjon på laurdag 23. september frå kl 10-14. Mannskapa på Lofthus stasjon held til i Kinsarvik sentrum på laurdag 23. september frå kl 10-14. Open brannstasjon over heile landet har vorte ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gi nyttig info om brannførebygging.

I Odda vil også Fagne delta med informasjon saman med brannvesenet.

– Hovudfokus for Brannvernveka i år er ladevit og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir kunnskapsløype, moglegheit for å sitja på i ein brannbil og informasjon frå Fagne. Me håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen.

 

Øv for å vera førebudd

Skular og barnehagar har krav på å gjennomføra jamlege brannøvingar. I heimen har me ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vita kva ein skal gjera ved branntilløp eller brann i heimen. Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva ein skal gjera om ulykka først er ute.

– Me oppmodar alle til å bruka Brannvernveka til å prata om, og øva på, kva ein skal gjera om det byrjar å brenna i bustaden. Det treng ikkje vera meir komplisert enn at de avtaler ein møteplass og kven som skal gjera kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar, også handterer dei best.

 


Tips til brannøving heime:

Ei brannøving treng ikkje vera komplisert eller innebera fysisk evakuering. Det er ofte godt å starta med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjera om det likevel byrjar å brenna.

  • Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet om kva ein skal vera ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Prat om kva ein skal gjera om det likevel byrjar å brenna, kva om det byrjar å brenna medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenarium. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn og snakkar med barna om at dei ikkje må gøyma seg.
  • Bli samde om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassa eller søppelkassa.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle komma seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det blir brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato
  • Evaluere øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justera planen og retta eventuelle feil.

 

Om Brannvernveka

Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.

Les meir om Brannvernveka på nettsida til brannvernforeningen.no