Omkøyring- og midlertidig flytting av busshaldeplassen på Almerket

Merk! Anleggsperioden er forlenga til 1. mars. Mykje snø og kulde har forseika arbeidet.

Arbeid med ny overvassledning i Odda sentrum: Tyssedalsvegen blir stengt i perioden 5. – 18. februar, omkøyring rundt Almerket.

Ullensvang kommune er i gang med å leggja ny overvassledning frå Gågata til utløp i sjøen. Ledningstraséen går frå kommunekaien, kryssar sørvestleg hjørne av Almerkeparken, og skal deretter kryssa Tyssedalsvegen/Rv 13 i forlenginga av Gågata. Arbeidet starta opp ved kommunekaien i fjor haust, og vart mellombels avslutta nord for Tyssedalsvegen før jul.

Anleggsarbeida vil starta opp igjen omkring 15. januar; først med nedsetjing av kummar i fortauet på nordsida av Tyssedalsvegen, og deretter kryssing av Tyssedalsvegen. Det skal òg setjast ned kummer på sørsida, leidning for forbruksvatn skal leggjast om, og det skal leggjast ny avløpsledning i fortauet mot Tyssedalsvegen 4.

Arbeidet i sjølve vegbanen startar opp måndag 5. februar, og er planlagt å ta to veker. I denne perioden blir Tyssedalsvegen heilt stengt og det vil bli skilta omkøyring via Godsterminalen og Almerket. Det vil bli lagt til rette for at gåande/mjuke trafikantar skal kunna passera anleggsområdet.

Bussterminalen-/haldeplass for rutebuss på Almerket vil under stengingsperioden bli flytta ca. 80 meter nordover, til vestsida av Godsterminalen, der trafikken vil gå “med klokka” rundt terminalen. Dette vil også bli annonsert via Skyss og Tide sine eigne kanalar.

Tiltakshavar Ullensvang kommune ønskjer å minna alle trafikantar om å visa omsyn og respektera skilting slik at trafikken skal kunna flyta best mogleg. Prosjektet blir i denne omgangen avslutta i området ved steinbedet nedst i gågata. Det kan bli endringar i framdriftsplanen.

img-fluid portraitOmkøyringsplan