Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14
Med dette varslast det om offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, PlanlD 46182024002.
Utval for samfunn, plan og næring har i møte 21.08.2024 fatta følgjande vedtak i sak 24/454:
I med hald av plan- og bygningslova § 12 – 10 vedtek Utval for samfunn, plan og næring at Detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, planlD 46182024002 vert lagt ut på offentleg ettersyn i minimum seks veker.
Planen vert lagt på offentleg ettersyn i seks veker. I perioden planen er på offentleg ettersyn ber Ullensvang kommune om innspel/ merknader til planen.
Det gjerast merksam på at det er utarbeidd ei innleiande skredfareutgreiing til 1. gangs handsaming. Ei fullverdig utgreiing er under arbeid og vert ferdigstilt før utlegging av planen til godkjenning. Den innleiande utgreiinga syner at området ikkje er omfatta av skred, og med stor avstand til rasfarleg område. Planområdet har difor lite sannsyn for å verte omfatta av faresone skred i bratt terreng. Før planen kan godkjennast må den fullstendige skredfarerapporten vere ferdig utarbeidd og godkjend gjennom uavhengig kvalitetssikring (UKS). Eventuelle tiltak og faresoner frå rapporten må innarbeidast i plankart og føresegner.
Frist for å komme med innspel er sett til 30.10.2024.
Innspel per post eller e-post skal merkast med "Merknad detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, PlanID 46182024002"
Vedlegg til sak
- Varsel om offentleg ettersyn Eidesbrotet 14 – 17.09.24
- 1. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, planID 46182024002 (Hoveddokument, 43KB)
- 52401682 Eidesbrotet 14 – Planomtale 200824 (Vedlegg, 6MB)
- 52401682_Detaljreguleringsplan Eidesbrotet_14-Føresegner_200824 (Vedlegg, 497KB)
- 52401682_Eidesbrotet14_Plankart_190824
- 52401682 Utomhusplan (Vedlegg, 264KB)
- 52401682 RIM02 J02 Miljøteknisk notat_Eidesbrotet 14 (Vedlegg, 3MB)
- 52401682-RIG-R02 – Omsorgsbustader Eidesbrotet 14 – Vurdering av områdeskredfare (Vedlegg, 2MB)
- 52402033 – INGGEO01 – Innledende skredfarevurdering for Eidesbrotet 14 (Vedlegg, 3MB)
- Miljøsaneringsbeskrivelse Omsorgsbustader Eidesbrotet14 (Vedlegg, 4MB)
- Rapport fra ombrukskartlegging E14 (Vedlegg, 5MB)
- ROS-analyse_Eidesbrotet_J01 (Vedlegg, 2MB)
- Vedlegg 4 2024-08-19_ Z-102 – Avrenningsmønster eksisterande og ny situasjon (Vedlegg, 1MB)
- 2024-08-19_Vatn Avløp og Overvatn rammeplan Eidesbrotet 14 (Vedlegg, 1MB)
- Vedlegg 1 Statusoversikt over ledningsanlegg i Rødna_Eidesmoen_Tjoadalen i samband med inspeksjon (Vedlegg, 7MB)
- Vedlegg 2 2024-08-19_Z-100 – Ny løysing (Vedlegg, 998KB)
- Vedlegg 3 2024-08-19_Z-101 – Brannvannsdekning (Vedlegg, 2MB)
- Innkomne merknadar Oppstart Detaljregulering Eidesbrotet 14 (Vedlegg, 4MB)