Skjermbilde 2024-01-25 kl. 13.31.35

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen

Utval for samfunn, plan og næring har i møte 24.01.2024 fatta vedtak om å leggja detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen, planID 12272017002 ut på offentleg ettersyn i minimum seks veker med føresetnad om fylgjande:

  • Det vert lagd med ei vurdering av områdestabilitet som vurderer fare for områdeskred av kvikkleire i planområdet.
  • Planomtale omtalar vurdering av områdestabilitet.

Planen vert lagt på offentleg ettersyn i minimum 6 veker. I perioden planen er på offentleg ettersyn ber vi om innspel/merknad til planen.

Frist for å kome med innspel er sett til 11.03.2024.

Innspel skal merkast med: "Merknad detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen, planID 12272017002»

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Vedlegg