IMG_0348

Nytt KiB-kurs (Kurs i mestring av belastning) i Kinsarvik

Me har planlagt KIB-kurs (Kurs i mestring av belastning) i Kinsarvik med oppstart 7. mars.

Kurs i meistring av belastning er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.

  • Stad: Kommunehuset i Kinsarvik
  • Tidspunkt: kjem me tilbake til
  • Dato:
    • 7. mars
    • 14. mars
    • 21. mars
    • 4. april
    • 11. april
    • 18. april
    • 25. april
  • Påmeldingsfrist: 19. februar 2024

Kursdeltakarar treng ikkje å dela eigne erfaringar/belastningar på kurset. Me prøver å løfta aktuelle tema opp på eit generelt nivå, slik at alle kan få utbytta av det. Det er ingen krav om aktiv deltaking for å vera med.

 

Påmelding eller spørsmål:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid | kvardagar| kl. 09-14

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

477 55 648

Artikler