54597935-heart-flag-of-ukraine-in-human-hands-no-war-peace-for (1)

Nyhende Ukraina-flyktningar veke 17

Status

Ullensvang kommune viser stor vilje til å stille opp for ukrainske flyktningar som kjem til Norge. Kommunen har sagt ja til å busette inntil 200 ukrainarar.

Kommunen har i tillegg sagt ja til mellombels mottak av flyktningar som kjem med buss direkte frå Ukraina. Dei blir innkvarterte på Sandvik i Kinsarvik der kommunen leiger plass av Hardanger klatrepark AS. Det bur omlag 77 ukrainarar der no. I tillegg er det kome omlag 40 flyktningar som førebels er busette privat. Registrering av flyktningar må skje i Bergen og flyktningane blir fortløpande registrert i UDI sine system der.

Alle flyktningne frå Ukraina er omfatta av mellombels kollektiv beskyttelse, noko som inneber opphaldstillatelse og ytingar til livsopphald. Etter registrering er dei klare for busetting i ein kommune.

Mange av dei som er komne til Sandvik ynskjer Ullensvang som bustadkommune. Verksemd for Inkudering jobber no med å skaffe bustader. Vi har registrert ein del bustader og til no har vi busett omlag 20 personar.

Men behovet for fleire bustader er stort! På heimesida til kommunen ligg eit skjema der ein kan melde inn aktuelle bustader – skjema finn du her. 

Busette flyktningar får norskopplæring og god informasjon om det norske samfunnet. Dei fleste ynskjer å kome ut i arbeid. Dette kan kombinerast med introduksjonsprogrammet.

Språk er ei stor utfordring. Dei fleste i Ukraina har berre russisk som andrespråk, berre eit fåtall kan engelsk eller tysk. Vi har tilsette som snakkar russisk – det er ei stor hjelp!

Born i skulepliktig alder har rett på skule. Kinsarvik skule har starta opp ei introduksjonsklasse. To av flyktningane er lærarar og dei blir tilsette som lærarar. I samarbeid med norske lærarar gir dei elevane eit undervisningstilbod. Dei ukrainske elevane er saman med norske jamnaldringar i friminutt og i aktivitetstimar. Dei norske elevane tek godt imot ukrainske medelevar og det fungerer godt.

 

Bemanning

Inkludering er til no styrka med tre miljøarbeidarar, to sjukepleiarar/miljøterapeutar og to programrådgjevarar. Ikkje alle har teke imot, og det er truleg behov for ytterlegare tilsetting.

Til drift av Kinsarvik akuttinnkvartering er det tilsett leiar, økonomiansvarleg, miljøarbeidar og informasjonskonsulent. Også her er det behov for noko meir tilsetting.

 

Kinsarvik Akuttinnkvartering på Fjordhotellet

Kommunen er driftsoperatør for eit enklare asylmottak på Kinsarvik hotell, Kinsarvik akuttinnkvartering, og her er det UDI som disponerer plassane. Her kan vi ta imot 150 bebuarar. Dette er flyktningar som er registrerte og som ventar på bustadkommune. Hotellet syter for opphald og mat til bebuarane. Dei kommunalt tilsette skal drifte mottaket med informasjon, kartlegging av den einskilde, samarbeid med skule og barnehage og andre oppgåver til beste for bebuarane.

Det vil vere strenge sikkerheitstiltak rundt hotellet, og utanforståande må gjere avtale med personalet om dei skal inn.