Hytterenovasjon i gamle Jondal kommune og Ullensvang herad

Det er no kome ei ny løysing på plass for hytterenovasjon på aust- og vestsida av fjorden, samt Jondal.

 

Du må ha ei kodebrikke for å kunne nytte desse skapa. Kodebrikka er universell og kan nyttast ved alle slike skap. Dette er gjort for å unngå at fastbuande kastar avfallet sitt i behaldarar som er tiltenkt hytterenovasjon. I tillegg er det eit estetisk finare oppsamlingspunkt.

Kodebrikka er sendt hytteeigarane som soknar til gamle Jondal kommune og Ullensvang herad. Er det er nokon som ikkje har motteke kodebrikke, kan dei ta kontakt med renovasjonstenesta.

Renovasjonen vil vurdera kor vi skal plassera ut slike skap, men i fyrste omgang vert dei plassert ut nokre plassar i gamle Jondal kommune og Ullensvang herad.

 

Bilete av 5 bosspann ved siden av kvarandre på det nye hytterenovasjonsanlegget i Jondal. Bilete.

Kontakt oss

Ullensvang renovasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

482 78 733

u-ren.no