Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Ny kommunalsjef Teknikk og miljø, samt næringssjef tilsett

Kommunalsjef Teknikk og miljø

Randi Karin Habbestad, 47 år frå Fitjar, har takka ja til jobben som kommunalsjef Teknikk og miljø. Ho er sivilingeniør frå NTNU, og har jobba 6 år som kommunalsjef teknisk i Sauda og på Fitjar.

 

Ny næringssjef på plass

Randi Rykkje tek snart fatt på oppgåva som næringssjef.

Randi er 38 år, oppvaksen på Fykse i Kvam og bur no i Bergen. Ho har mastergrad frå UiB innan organisasjonsvitenskap, med fokus på innovasjon, entreprenørskap og teknologiutvikling. Ho har tidlegare jobba innanfor havbruksnæringa og kjem no frå ei stilling som prosjektleiar i Skyss.

Næringssjefen har ei viktig rolle, mellom anna i å vera kontaktpunkt mellom kommunen og næringslivet. I tillegg jobbar næringssjefen strategisk med tilrettelegging for nye bedrifter, prosjektutvikling og fordeling av dei øyremerka næringsfonda våre.

 

Me ynskjer begge to velkomen til spanande jobbar i kommunen!