Hender som holder papirhjerter i ein sirkel

Nominer til Frivilligprisen 2023

Innan 1. oktober 2023 kan du nominere nokon du meiner fortener denne!

Ullensvang kommunestyre vedtok på møte 06.09.23 at det frå og med i år skal delas ut ein årleg frivilligpris i kommunen.

  • Alle innbyggjarar kan melde inn kandidatar til prisen innan 1. oktober 2023, og ein kan nominere einskildpersonar, grupper eller foreiningar.
  • Ein nedfelt jury går gjennom nominasjonane og velger kven som får prisen blant desse.
  • Overrekkinga vert gjort på FN’s internasjonale frivilligheitsdag den 5. desember kvart år i eit eige arrangement.
  • Prisen består av ei innramma utmerking samt at prisvinnaren kan dela ut kr. 25.000,- til valfri frivillig organisasjon eller organisasjonar.

Du kan lesa meir om dette i retninglinene til Frivilligprisen.

Du kan nominere ved å fylla ut vårt digitale skjema, eller hente eit fysisk nominasjonsskjema på innbyggartorga.