Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

NAV Ullensvang søker etter nye lokale

Ullensvang kommune og NAV Vestland ønsker å leige nye lokale.

  • Lokalisering: NAV Ullensvang må vere lokalisert i Odda sentrum, som er administrasjonssenter i Ullensvang kommune. Lokale må vere tilgjengeleg med offentleg kommunikasjon.
  • Estimert arealbehov: Ca. 500 – 600 kvm BTA.
  • Innhald: Arealeffektive kontorlokale med publikumsmottak, samtalerom og kontorarbeidsplassar. Delar av lokale må kunna delast av i ei sikker sone. Vi søkjer etter fleksible kontorlokale med nøktern, moderne standard tilpassa nye arbeidsplassløysingar. Det vert stilt krav til god arealutnytting, energieffektivitet og universell utforming.
  • Ønska innflytting: 01. mars 2026.
  • Ønska leigetid: 10 år med rett til opsjon.

NAV Ullensvang er eit lokalt NAV kontor med hovudkontor i Odda og avdelingskontor på kommunehuset i Kinsarvik. Leigekontrakten i dei noverande lokala våre på Sørfjordsenteret i Odda går ut 01.04.2026, og vi av den grunn på jakt etter nye lokale.

Kontoret vårt består av 23 medarbeidarar som gir tilbod til Ullensvang kommune sine innbyggjararar. NAV er eit partnarskap mellom stat og kommune, og har tilsette frå begge delar.

NAV har sosialtenester der innbyggjarar kan få hjelp med mellom anna opplysningar, råd og rettleiing knytt til økonomisk sosialhjelp og gjeldsrådsgjevning. Vi har og ansvar for akuttbustadar, og vi har tilbod om familiekoordinator.

NAV har oppfølging av sjukemelde, rettleiarar som følgjer opp dei som har arbeidsavklaringspengar, dei som søkjer uføretrygd og dei som har tilrettelagt arbeid. I tillegg hjelper vi arbeidsledige med å finna eigna arbeid og hjelper bedrifter som må permittera, eller som har behov for arbeidskraft.

NAV er eit dynamisk kontor som har stor møteverksemd både internt, med brukarar, og med eksterne samarbeidspartnarar. Vi set pris på lyse, triveleg lokale som fremjar eit godt arbeidsmiljø og håpar mange er interesserte i å tilby lokale som kan fungera godt både for dei tilsette og innbyggjarane i kommunen som treng bistand frå NAV.

Meld di interesse

Vi ber potensielle tilbydarar om å melda si interesse til nav.vestland@nav.no for tilsending av skjema for nøkkelinformasjon om ledig leigeobjekt. Merk e-posten med «Lokale i Ullensvang» i emnefeltet.

Innsende nøkkeltalskjema blir lagt til grunn for ein prekvalifisering av tilbydarar. Nøkkeltalskjema skal sendast til nav.vestland@nav.no innan 22.02.24.