54943710-baking-sausages-at-a-scout-camp

Minner om bålforbodet frå 15. april

Frå 15. april til 15. september er fara for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Difor er det i denne perioden ikkje lov å gjere opp bål ute i naturen.

Frå 15. april til 15. september kan du framleis grille eller brenne hageavfall i din eigen hage. Det er lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann, det vil seie at det ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld, er det betre å droppe det. All bålbrenning utførast på eige ansvar.

Les meir om bålforbodet på nettsida til vestbrannregion.no

 

 

Artikler