Barnehage

«Min barnehage» app teke i bruk i barnehagane

Ullensvang kommune sine barnehagar har teke i bruk Visma sin app for digital kommunikasjon barnehage-heim. Den erstattar tidlegare løysingar som Transponder, Vigilo eller myKid.

"Min barnehage" app

Appen sitt innhald og moglegheiter er under utvikling, men har dei viktigaste funksjonane på plass:

  • Samtale (meldingsutveksling heim-barnehage) – tovegs kommunikasjon
  • Beskjedar (meldingar frå barnehagen ut til heimane) – einvegs kommunikasjon
  • Registrering av fråvær på barnet
  • Dagbokpost (bilete og korte tekstar frå barnehagen til heimen)

Nedlasting av app

Min Barnehage

  • Føresatt laster ned frå App Store eller Google Play
  •  Søk opp «Min Barnehage»
  • Appen krev minsteversjon 11 for iOS (Apple) og versjon 7 for Android

 

Har du spørsmål angåande app, eller treng hjelp til å laste ned app på mobil? Ta kontakt med din barnehage.